onsdag 14. april 2010

Nye heimar

No skal alle reise til sine nye heimar.. så då blir det slutt på blogginga for denne gong.. Men vi sjåast ved eit seinare høve! Ha ein fin vår!

Tidleg krøkast

Kvelpemoro!!

mandag 5. april 2010

6.veker

No har vi prøvd oss ute i frisk luft. Det var litt skummelt.. Men etter kvart var det kjempe moro!









fredag 26. mars 2010

No er vi snart fem veker

Vi veit kor vi skal bu resten av livet:

(Clara) Cita, eg skal bu i Førde

Couver blir mitt namn, og eg skal flytte til Ikornes

(Casper) Chico, eg og skal bu i Førde

(Charona) Chilli, eg skal til Ørsta

Cæsar Dennis blir mitt namn, og eg skal flytte til Høyanger.





søndag 21. mars 2010

4 veker gamle

Vi er ute å utforskar den store verda (stova til ho "mor")...




søndag 14. mars 2010

Etegilde

Tida går fort, vi vekse og har det bra! No må vi lære oss å ete hundemat.. for det er ikkje så lenge til vi skal flytte vekk frå mamma Arja.


3 veker gamle bebisa!

No er vi blitt så store at vi kan sjå verda rundt oss, krangle kan vi og..





søndag 28. februar 2010

Ei veke gamle bebisa

Her er heile bebis-gjengen!
Clara, Couver, Charona, Cæsar og Casper. Dei ete godt, har dobbla vekta si snart. Arja er ei flink mamma..og passar godt på barna sine. Ho synast det er litt urettferdig at bestemor Sirpa og onkel Ari får gå på tur, men sånn er livet som småbarnsmor..hardt og brutalt!






Bestemor Sirpa og onkel Ari på skitur!!

onsdag 24. februar 2010

Kvelpekos


Kvelpekos

NUCH Tarebi's Walentino

NUCH Tarebi's Walentino "Tino" er far til kvelpane

NUCH Arja

NUCH Arja, mor til kvelpane.

søndag 21. februar 2010

Cæsar


Cæsar var den tredje guten, og den 5.kvelpen som kom, han vog 168g.

Charona


Charona var den andre jenta, født som nr.4. Ho vog 174g

Casper


Casper kom som nr.3, han vog 178g

Couver


Couver var nr.2, han vog 176g (namnet er inspirert av OL-byen)

Clara


Clara kom først, ho vog 193g

Arja er blitt mor

Etter ei lang og slitsom natt for Arja kom første kvelpen kl.06.30 i dag, den 21.februar.
Det var to tisper og tre hannar, den største var 193g og den minste var 168g. Arja var litt forvirra til å begynnde med, men forsto fort kva oppgåve ho hadde fått! No ligg ho strak ut i kvelpekassa, er sliten og trøtt. Ho er ei veldig flink mor og tillitsfull!